SJOKK-SJOKK frå SOS,SOS
 

 Det første NM i sjokk vart avvikla i går med stor deltaking og entusiasme.
Trass i at turneringsledarane kunne reglane for sjokk sjokkerande dårlegare enn
dei fleste som stilte til start, vart det kåra vinnarar i kvar kamp.  

41 lag med 82 spillerar stilte til start, og vart delt inn i 11 grupper som spilte innledande rundar. Vinnarane og dei beste nummer to gjekk vidare til sjokk-Cup med 16 deltakande lag.  

8.delsfinalane gjekk slik  (vinnande lag først) :

             Tromsø/Sortland – Mjanger-Hindenes (kort borte, fornamn mangler)

            Kjelsåsløvene – Nordstrand konge (Eivind S. Berntsen, Johan Salomon)

            Best i fest – Dustene (Asbjørn O. Steinskog, Fredrik Fjeld)

            Nilsen/Kårdal – Carlsen & ingen (Ingrid Øen Carlsen, Ingeborg Bjorholt)

            SoS,SoS – Da Dudes (Even Emberland, Jon Kristian Haarr)

            Randaberg Kings – Enga (Odin Blikra Vea, Joachim Berg-Jensen)

            Skjortelaus og sur – Laget med navnet (Bendik Berntsen- Øybø, Anders Hobber)

            Madland & Ostebo A/S – Gunnars disipler (Kenneth Einarsen, Oddbjørn Christensen)

           

I kvartfinalane steig spenninga, og det vart mange tette kampar. I kampen mellom to av
ratingfavorittane, Randaberg Kings og SoS,SoS var det mot sluten av partia tap av konge i
neste trekk i eitt parti og snart matt motsatt veg i det andre. Tida var ganske lik og begge
venta på at klaffen skulle avgjer då SoS,SoS vant på feiltrekk fordi Randaberg Kings tok
ny dronning frå det andre brettet !

 

Resultata frå kvartfinalen (vinnande lag først) :

            Tromsø/Sortland – Kjelsåsløvene (Markus Halvorsen, Eirik Presterud)

            Best i fest – Nilsen/Kårdal (Joachim B.Nilsen, Andreas Kårdal)

            SoS,SoS – Randaberg Kings (Knut Harald Storland, Per Ove Egeli)

            Skjortelaus og sur – Madland & Ostebo (Kristoffer Madland – Lasse Østebø Løvik)

 Semifinalane skulle avgjera kven som skulle ut i finale og kven som måtte ta til takke med
bronsefinale. Spennande og vekslande kampar i alle 4 partia, men til slutt måtte to av laga
bita i det sura eplet og strekka fram labane og takka for kampen.

 I bronsefinalen mellom  Best i fest og Skjortelaus og) tok dei etter ein
lang og hard kamp remis og delte på bronsepremien.

Pga den store alders- og ratingforskjellen mellom laga i finalane måtte to av laga spilla med
handikap (ei hand på ryggen). Dette hjalp ikkje dei unge 11-åringane (Elise først på onsdag !),
men dei ga favorittane hard kamp til siste slutt, og på eit tidspunkt var det rett før Jon Fredrik
kunne ha satt Magne matt i løpet av nokre trekk.
Til slutt vart det kåra eit verdig vinnarlag og  og dei kunne motta applaus og premiar.

 

Norgesmester i sjokk 2005 :

SoS,SoS, Inge Sandstad Skrondal og Magne Sagafos

 

Sølvvinnnar :

Tromsø/Sortland (Elise Forså og Jon Fredrik Bækholt Åsvang)

 Bronsevinnarar :

Best i fest (Shervin-Leon Malou, Tore Østebø Løvik)

Skjortelaus og sur (Daniel Hersvik, Erik Fanghol)